Øykommunen Giske på Sunnmøre er ein av dei største fiskerikommunane her i landet med 700 tilsette i næringa og ein årleg omsetnad på tre milliardar kroner. Vi har i dag 51 registrerte fartøy og har ein av dei største havgåande fiskeflåtane her til lands. Men vi manglar ei hamn som kan betene denne. Vi har viljen, strategisk plassering og brei støtte for å bygge ei hamn av nasjonal betydning, der ein kan betene heile regionen i tillegg til vår eigen fiskeflåte. Men det hastar. Skal fiskerinæringa vokse, er den avhengig av ei hamn.
Gjøsund hamn er allereie inne i dagens Nasjonal transportplan med eit forprosjekt.
No treng vi å kome vidare. Vi ber derfor om at bygging av Gjøsund hamn prioriterast i perioden 2018-2029.