Gjøsund hamn skal vere
ein akselerator i ei verdsleiande havnærings- og sjømatklynge, som bidreg til grøn omstilling
Vår historie
Frå behov til realitet med mange på laget
Mange aktørar har lagt eit viktig grunnlag for Gjøsund hamn. Næringslivet og kommunen er samla i Gjøsund Utvikling AS. Saman med næringslivet tek vi no steget vidare for å knyte fiskeriklynga, framtida og verda smartare i hop.
1996
Strategisk næringsplan
2016
Reguleringsplan
2018
Gjøsund utvikling
2019
Avtale om mudring
2024
Mudring ferdig. Perfekt tidsvindauge for satsing
Vår visjon
Vi er ei internasjonal leiestjerne som miljøeffektiv hamn og næringsområde for fiskeri- og havbaserte næringar.
Om oss
Gjøsund hamn utviklar den grøne hamnemodellen for framtida
Gjøsund hamn utviklar den grøne hamnemodellen for framtida, basert på sirkulære symbiosar. Med vår unike plassering og vårt klyngesamarbeid legg vi til rette for miljøeffektive one-stop shop-tenester og utsleppsfrie energiløysingar.
Hamna vår
Du finn oss i Gjøsundet i Giske kommune, på vegen mellom Ålesund og Ålesund lufthamn Vigra.