Eigedom og areal

Giske kommune forvaltar næringsområdet på Gjøsund. Heile området er på over 1000 mål. Kommunen arbeider med å få på plass infrastruktur som gjere større delar av arealet klare til utbygging. Det blir arbeidd både politisk og administrativt med å betre heile området.

Dokumentliste

Gjøsund hamn er på veg frå visjon til ei hamn for framtidas fiskeri- og sjøbaserte næringar. Her kan du laste ned dokument.

Strategisk havneplan
Last ned dokument
Samfunnsdel (2023–2033)
Last ned dokument
Kommuneplanens arealdel (2018–2018)
Last ned dokument
Strategisk næringsplan 
(2016–2025)
Last ned dokument
Utviklinga av området er forankra i «Porten til Sunnmøre» (vedteken av Giske kommunestyre 22.6.1999)
Last ned dokument

Her får vi eit nytt hamneområde som er laga for framtidas fiskerinæring. Det tyder at vi frå byrjinga av legg til rette for bunkring av ulike energikjelder. Det blir også lagt til rette for kontorfasilitetar og det er mål om eit felles showroom/visningssenter for fiskeri- og sjønæringane i regionen.

Meld gjerne interesse for næringsområdet

Ta gjerne kontakt med oss for reguleringsplanar, utviklingsmoglegheiter og anna.

Linn Indrestrand
prosjektleiar, Gjøsund hamn
Kontakt meg om etablering av verksemd i Gjøsund hamn, informasjon til skular og barnehagar, presse, kommunikasjon, føredrag, samarbeid med hamner, næringsklynger og grønt industriløft.