Med over 1000 mål areal er vi klare til å skape framtidas hamn
Sjå våre visjonar for hamneområdet, kven som etablerer seg på området og gjeldande reguleringar og planverk.
Hamneområdet
Giske kommune er no i ferd med å byggje ei hamn tilpassa det fiskeri- og sjømatnæringane treng i framtida. Det gjer at vi kan skape moderne og nødvendig infrastruktur for næringslivet. Området blir planlagt med all nødvendig infrastruktur for fiskerinæringa, inkludert kjøle- og frysetenester, energi, bunkring og vedlikehaldstenester.
Dokumentliste
Gjøsund hamn er på veg frå visjon til ei hamn for framtidas fiskeri- og sjøbaserte næringar. Her kan du laste ned dokument.
Strategisk havneplan
Samfunnsdel (2023–2033)
Kommuneplanens arealdel (2018–2018)
Strategisk næringsplan (2016–2025)
Utviklinga av området er forankra i «Porten til Sunnmøre» (vedteken av Giske kommunestyre 22.6.1999)
Her får vi eit nytt hamneområde som er laga for framtidas fiskerinæring. Det tyder at vi frå byrjinga av legg til rette for bunkring av ulike energikjelder. Det blir også lagt til rette for kontorfasilitetar og det er mål om eit felles showroom/visningssenter for fiskeri- og sjønæringane i regionen.
Vi skal produsere, samarbeide og spare på energi
Fiskeri- og havnæringane treng kraft for å møte framtidas behov for innovasjon og berekraft. Det blir arbeidd for eit meir stødig kraftnett i regionen vår, og auka energiproduksjon. Felles infrastruktur betrar tilhøva noko, men er ikkje nok. Derfor er energi ein sentral del av planarbeidet vårt.
I planane for utviklinga av hamneområdet blir det lagt til rette for gjenbruk av energi frå ulike anlegg og eigen energiproduksjon på området, blant anna gjennom bruk av solpanel.
Avgjerande bidrag til eit grønt industriløft
Eit viktig bidrag til klima, økonomi og innovasjon er at Gjøsund hamn skal bli ein sirkulær hub. Gjøsund hamn er løfta fram i prosjektet «Grønt industriløft Møre og Romsdal» i regi av Innovasjon Noreg og Møre og Romsdal fylkeskommune som 1 av 8 prioriterte sirkulære hubbar.
Fiskerinæringa sparar tid og energi på å gjere alt på éin stad, i staden for å flytte seg mellom ulike hamner og tenester. Reststoff frå ein aktør kan bli brukt som råstoff eller energi til andre aktørar. Samlokaliseringa av fleire tenester på ein stad er arealeffektivt, reduserer materialstraumar og energibruk
Fordelane med sirkulær hub:
- Lågare utslepp
- Mindre materialbruk
- Lågare kostnader
- Auka kompetanse
- Auka energieffektivitet
- Mindre naturpåverknad
- Grunnlag for ny verksemd
Tett på næringslivet og infrastrukturen
Gjøsund hamn ligg nært mange av reiarlaga og fiskebåtane som fangar kvitfisk og pelagisk fisk. Sentrale aktørar i marin og maritim næring held også til på Sunnmøre.
Gjøsund hamn ligg svært nær Ålesund lufthamn Vigra, byen Ålesund og sentral marin og maritim næring på Sunnmøre. Hamna ligg også tett på riksveg 658, som er knytt til E136 og E39. Dette fører til effektiv logistikk for aktørane som etablerer seg i hamna, og tilknytte tenester.
I 2024 legg vi grunnlaget for framtida
Hamna er mudra, og vi har fått midlar til å etablere kaianlegg. Ein meir detaljert tidsplan kjem på plass vinteren 2024/2025.
Aktørar som er med
I tillegg til Giske kommune er fleire sentrale fiskeriaktørar med gjennom Gjøsund utvikling og næringsinteressar.
Aktørar under arbeid
Giske kommune arbeider med å etablere drifts- og utviklingsselskap av området. Det blir arbeidd med hamneaktørar for å drive relevant verksemd. Vi er også i dialog med ulike aktørar for kjøl og frys, og for drift av RoRo-rute frå Hitra og Gjøsund hamn til Hirtshals og vidare til kontinentet.
Giske kommune har hatt fleire møte med utdannings- og forskingsinstitusjonar, deriblant NTNU, som har vist interesse for Gjøsund i undervisings- og forskingssamanheng.