Fiskerinæringa treng ei effektiv hamn

Møre og Romsdal er det fylket i Noreg med størst årleg verdiskaping i fiskeri- og sjømatnæringane, inkludert utstyrsproduksjon, fartøytenester og fiskeri. Ålesundsregionen har størst total verdiskaping. Giske er ein av dei største fiskerikommunane i landet, men manglar ei moderne hamn.
 
Gjøsund hamn er i ferd med å bli ei hamn tilpassa det fiskeri - og sjømatnæringa treng i framtida. Denne satsinga kjem også andre næringsaktørar til gode.
 
Målet er ei hamn som er tilpassa både fiskeri- og akvakulturnæringane, med lossing og lasting av fisk (både frossen, fersk og bearbeidd råvare) og ensilasje.

Kjelder: Marinetraffic.com (7.8.2024). Norce/Menon/Nofima: Sysselsettings- og verdiskapingserffekter av sjømatnæringen i Møre og Romsdal 2019. Fiskemanntalet (7.8.2024)

1 248

fartøy seglar forbi kvar månad

24%

av fartøya er direkte knytt til fiskerinæringa

263

registrert i fiskemanntallet

231

RoRo-, frakte- og containerskip kvar månad

660

arbeider med sjømat og tilgrensande industri i Giske

24%

av sysselsette i Giske arbeider i sjømatnæringane