Rask veg for norsk sjømat til kontinentet
Vi veit at samarbeid gir mest verdiskaping. Derfor arbeider vi tett i og med næringsklyngene. For å få betre logistikk, auka verdiskaping og meir miljøeffektiv hamnedrift samarbeider vi med hamnene i Hirtshals og Hitra om å utvikle ei RoRo-rute for fiskeri- og sjømatnæringane.
Ei felles rute Hirtshals–Gjøsund–Hitra er effektiv når det gjeld seglingstid, tilgang på råvare og høve til å drive ei mest mogleg effektiv rute.
Tre knutepunkt for fisk og sjømat
Gjennom eit tett samarbeid mellom fiskerihamnene i Hirtshals, Gjøsund og Hitra kan vi nå viktige felles mål for infrastruktur, verdiskaping og klima/miljø. Dei tre hamnene utfyller kvarandre, og ei fast rute kan styrke verdiskapinga langs kysten.
Hirtshals
Hirtshals er ei sentral hamn i Nord-Europa tett på Nordsjøen og E39. Det gjer hamna til eit sentralt knutepunkt for eksport av fisk og sjømat. Her er ein av dei mest sentrale fiskeriauksjonane, og det ligg godt til rette for handtering og omsetjing av både pelagisk fisk, kvitfisk og oppdrettsfisk.
Gjøsund
Gjøsund ligg tett på skipsleia i ein av Noregs sterkaste fiskeri- og sjønæringsregionar, rett ved ein flyplass, med vegforbindelse til E39 og E134. Med ei fast RoRo-rute kan Gjøsund bli eit sentralt punkt for verdiskaping og frakt for fiskeri- og sjønæringane.
Hitra
Hitra er eit tyngdepunkt for sjømatnæringa i Noreg, og ligg rett ved hovudskipsleia. Hamna blir for tida utvikla til å vere eit grønt knutepunkt for miljøvenleg skips- og landtransport.