Etablere deg her

Sjå våre visjonar for hamneområdet, kven som etablerer seg på området og gjeldande reguleringar og planverk.

Ruta

Vil du vere med på å knyte fiskeriklynga, framtida og verda saman?

Gjøsund hamn samarbeider gjerne med aktørar som vil utvikle og supplere den marine og maritime klynga på Sunnmøre. Hamna og næringsområdet ligg midt i skipsleia, nært Ålesund by og Ålesund lufthamn Vigra.

Fiskerihamna skal både ta i mot kvit og pelagisk fisk frå fiskeri og akvakulturnæringane, og vi arbeider med kapasitet til å ta i mot marint restråstoff. Vi etablerer tungløftekai og infrastruktur for RoRo-skip, og arbeider for ein ny godskorridor Hitra–Gjøsund–Hirtshals.

Sidan vi planlegg industriområdet frå botnen av så kan vi optimalisere infrastrukturen. Det gjer det mogleg å samarbeide om energi, utnytting av prosessvatn og andre restråstoff.

Gjøsund hamn er plukka ut som éin av åtte sirkulære hubar i Grønt industriløft Møre og Romsdal.

Long heading is what you see here in this feature section

Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique. Duis cursus, mi quis viverra ornare, eros dolor interdum nulla, ut commodo diam libero vitae erat.

Ein samlingsplass for båtar og fiskarar

Gjøsund hamn skal vere staden der alle som driv med hav og fisk i Giske kan møtast. Når mange båtar og jobbar er på same staden, så blir det kjekkare og enklare å jobbe med fisk og hav i Giske.

Mat til heile verda

Verda treng meir sunn mat. I havet finst mykje som vi kan ete, og vi må bruke det som finst der på ein smart og miljøvenleg måte. Frå Gjøsund hamn kan sunn sjømat frå Noreg hamne på tallerkenen heime hos deg – eller hos nokon ein heilt annan stad i verda. Kanskje i Frankrike?

Miljøvenleg transport

Når mykje fisk og andre varer skalfraktast rundt i verda så brukar vi i dag mange lastebilar. Dei tek mykjeplass, og er ikkje alltid så miljøvenlege. På Gjøsund hamn skal vi få mindre påvegen, og meir på båtar. Båtane skal også kunne bruke meir miljøvenlegdrivstoff.

Alt på éin stad

Når mange fiskarar, bedrifter og fabrikkar er på ein stad, så sparer vi tid, pengar og klimautslepp på å få gjort meir på ein gong.

Framtidas hamn

Vi jobbar hardt for å lage ei smart og miljøvenleg hamn. Målet vårt er at andre hamner skal sjå til Giske for å skape hamner som er betre for både fiskarane – og havet.

Samarbeid er nøkkelen

Akkurat som når du jobbar saman med venene dine på skulen, så smarbeider vi med forskarar, bedrifter og alle rundt oss for å få til ei betre hamn.

Nye jobbar til nye naboar

Gjøsund hamn er staden er vi tek vare på havet, skaper nye jobbar i dag – og i framtida. Og hjelper til med å gi mat til folk i heile verda. Målet er fleire jobbar her på Giske, slik at fleire kan bu her.