Aktuelt
Artiklar

2024 vart eit merkeår for Gjøsund hamn

19
.
December
2024
Gjøsund hamn har i 2024 teke avgjerande steg mot visjonen om å bli ei leiande internasjonal fiskerihamn. Med ferdigmudra hamnebaseng og delfinansiert kaianlegg er grunnlaget lagt for vidare utvikling.

– Vi har vist at Gjøsund er hamna der fiskeriklynga, framtida og verda knytast smartare i hop, seier prosjektleiar Linn Indrestrand.

Fem viktige milestolpar er nådd i 2024:
1. Ferdigstilt grunnarbeid

Mudring av hamnebassenget er fullført og delfinansiering av kaianlegget er på plass. Dette sikrar djupne for større fartøy og moderne kaifront for framtidas behov.

2. Grøn næringsutvikling

Hamna har etablert seg som ein sentral aktør i Grønt industriløft, med fokus på berekraftige løysingar for marin og maritim næring. Vi er plukka ut som éin av åtte hubbar for sirkulær næringsutvikling. Ved å planlegge ei fiskerihamn frå botnen av blir berekraftsperspektivet med frå byrjinga av, og dannar grunnlaget for auka verdiskaping i området.

3. Tydeleg til stades i fiskeribransjen

Under NorFishing 2024 bygde Gjøsund hamn viktige nettverk med nasjonale og internasjonale aktørar, som stadfesta hamna si rolle i framtidas fiskerinæring.

4. Lokal forankring

Open hamnedag samla over 100 besøkande og viste det sterke engasjementet for hamna i lokalsamfunnet. Vi har halde fram med god dialog med lokal næring, og har utvikla innhald og informasjon til barnehagar, skular og lokalbefolkning.

5. Framtidsretta planlegging

Gjennom året er det lagt eit solid grunnlag for vidare utvikling, med konkrete planar for næringsareal og hamneinfrastruktur.

Under NorFishing i Trondheim blei standen til Gjøsund hamn ein viktig møteplass for regional, nasjonal og internasjonal fiskeribransje.

Spanande 2025 i vente

For 2025 er ambisjonane høge. På programmet står:


• Oppstart, planlegging og ytterlegare finansiering av kaibygging
• Organisering av eigedom og hamn
• Avklaringar om etablering av frysehus
• Vidareutvikling av næringsområdet
• Ny open dag
• Deltaking på NextWave og DanFish International

– Dette handlar om å byggje framtidas fiskerihamn. Vi ser fram til å ta nye steg i 2025, avsluttar prosjektleiar Linn Indrestrand.

Andre nyhende

Sjå meir om kva vi gjer.

View all
Category one
Category two
Category three
Category four