Gjøsund hamn skal knyte fiskeriklynga, framtida og verda smartare i hop. ScanMar Produksjon er allereie ein svært sentral aktør i Gjøsund, fiskeriklynga på Sunnmøre og i verdsmarknaden for klippfisk. Kvart år sender ScanMar tusenvis av tonn klippfisk til Brasil, Den dominikanske republikk, Sveits, Frankrike, Italia og Portugal.
Som ein leiande aktør i den globale fiskeribransjen, ser dei store moglegheiter i utviklinga av Gjøsund hamn.
– Vi ønska å etablere oss her nettopp fordi det var plan om hamn. No når hamna er mudra, kan vi ta fleire båtar direkte til fabrikken. Det effektiviserer arbeidet for oss og for leverandørane og transportørane. Vi sparar både pengar, miljø og tid, seier Espen Roth.
Strategisk plassering i fiskeriklynga
– Som vår kollega Arild Giske pleier å seie: Gjøsundet ligg rett langs "route 1", hovudleia langs kysten. Meir sentralt kan nesten ikkje eit klippfiskanlegg liggje, forklarar Ole Jørgen Roth.
Bedrifta, som sysselset nærare 30 årsverk, foredlar årleg 8 500 tonn råstoff til 5 000 tonn ferdig klippfisk. Som del av ei sterk fiskeriklynge bidreg dei til eit aktivt fiskerimiljø i regionen. Det samla miljøet skapar grunnlag for leverandørindustri, mekaniske tenester, transport og mange andre yrke. Eit styrka miljø på Gjøsund kan gjere det meir aktuelt for fleire å etablere seg med tenester tettare på dette miljøet.
– Viss vi kan erstatte 6–7 vogntog dagleg gjennom tunellane med sjøtransport, kan vi bidra til meir positiv samfunnsutvikling. Med planane om RoRo-samband til Europa og betre infrastruktur ser vi store moglegheiter framover gitt at det kan konkurrere med alternativa på driftstryggleik, stabilitet og pris, påpeikar Espen Roth.
Ålesundsregionen – midt i matfatet
– Ålesundsregionen er eit sentralt område for både pelagisk fisk, klippfisk og kvitfisk. Med betre logistikkløysingar til EU-marknaden og andre marknader kan aktiviteten auke gitt at andre rammevilkår står fast. Vi ser fram til å vere med på den vidare utviklinga av Gjøsund hamn som ein del av fiskerinæringa i regionen, avsluttar Ole Jørgen Roth.
Om ScanMar Produksjon (ScanProd)
• Etablert i Gjøsund i 2006
• Nærare 30 årsverk
• Produserer 5 000 tonn klippfisk årleg
• Eksporterer hovudsakleg til Brasil og Den dominikanske republikk
• Eitt av dei mest moderne klippfiskanlegga i Noreg