Aktuelt
Artiklar

12 millionar til fiskerihamn for framtida

17
.
June
2024
Fiskerinæringa på Sunnmøre treng ei ny hamn der fiskeriklynga, framtida og verda knytast smartare i hop. No får Giske kommune 12 millionar over statsbudsjettet frå Kystverket for å skape framtidas fiskerihamn.

I dag manglar Giske og Ålesundsregionen ei god fiskerihamn, der næringa kan få alle tenester på ein stad – og der det er høve til å skape endå fleire verdiar for regionen, næringa og verda.

– Fiskerinæringa og Sunnmøre heng tett i hop. Her er mange av reiarlaga, viktig foredlings- og leveranseindustri og ei svært sterk maritim næring. Derfor tar Giske kommune ansvar ovanfor og saman med fiskerinæringa gjennom å realisere regionens viktigaste næringsutviklingsprosjekt Gjøsund hamn og næringsområde, seier ordførar Kenneth Langvatn.

Giske kommune er svært nøgde med at regjeringa over statsbudsjettet og Kystverket gjennom denne ordninga ser at fiskerinæringa treng ny og moderne infrastruktur.

Fiskerinæringa og Sunnmøre heng tett i hop. Her er mange av reiarlaga, viktig foredlings- og leveranseindustri og ei svært sterk maritim næring.

Moderne kaianlegg legg grunnlaget

Kommunen bidreg med same beløpet som staten, og totalkostnaden for bygging av denne kaia i Gjøsund er 24 millionar kroner. Kystverket skriv i tilskotsbrevet at dei legg vekt på «evn[en] til skape ny næringsaktivitet i kommunen og/eller om utbyggingen er en forutsetning for å trygge eksisterende næringsaktivitet.» Det har telt positivt at kaia er eit ledd i utviklinga av ei ny fiskerihamn og eit nytt næringsområde for fiskeri- og havnæringar.

Kaianlegget gjer det mogleg for fleire aktørar å satse i hamna. – Vi er svært glade for desse midlane. Det dannar blant anna grunnlag for at vi kan få på plass sentral infrastruktur og næringsverksemd til det beste for fiskeriklynga, som ein kjøle- og fryseaktør, seier Linn Indrestrand. Ho er prosjektleiar for Gjøsund hamn.

Tilskotet går til å etablere ei ny og moderne kai på hamna. I vinter blei hamna ferdig mudra, og totalt skal det bli 500 meter kai med djupne frå 8 til 12 meter. Det er totalt 550 dekar næringsareal, og dette skal bli ei RoRo-kai med tilrettelegging for RoRo-rute. Gjøsund hamn ligg i skipsleia rett utanfor Ålesund, og kan syte for meir verdiskaping i fiskerinæringa og meir sunn sjømat til kontinentet.

Andre nyhende

Sjå meir om kva vi gjer.

View all
Category one
Category two
Category three
Category four