Aktuelt
Artiklar

Folket heiar på fiskeriet i Giske

04
.
November
2024
Over 200 barn og vaksne møtte på Open hamnedag 2024. Det viser kor viktig fiskerinæringa er for folk i Giske og på Sunnmøre.

I Gjøsund hamn skal det i framtida syde av aktivitet for fiskerinæringa, slik det i helga gjorde for barn og vaksne med aktivitetar og arrangement som viser fram marin og maritim næring på Sunnmøre.

– Her i hamna skal fiskeriklynga, framtida og verda knytast smartare i hop, seier prosjektleiar Linn Indrestrand. Denne opne dagen var byrjinga på arbeidet for å på plass ei nasjonal fiskerihamn, som gir regionale ringvirkingar og har tydelege koplingar mot verda.

Gjøsund hamn blir ei trygg hamn med djup nok kai, moderne fryseanlegg, tilgang til fleire service- og produksjonsbedrifter og både container- og RoRo-skip frå regionen til kontinentet. Og barn, ungdom og vaksne skal få informasjon og inspirasjon til å jobbe for og i fiskerinæringa.

– Gjøsund hamn er regionens viktigaste næringsutviklingsprosjekt. Det er utruleg hyggeleg at mange tok turen, og bidrog til arrangementet, seier ordførar Kenneth Langvatn.


Det blir fleire opne dagar på Gjøsund hamn i framtida, og dette blir årleg. Dette er berre byrjinga for aktivitet i hamna

Ordførar Kenneth Langvatn presenterer Gjøsund hamn. Foto: Hilde Røsvik.

Andre nyhende

Sjå meir om kva vi gjer.

View all
Category one
Category two
Category three
Category four