Rapporten ser systematisk på kva som skal til for at Møre og Romsdal saman skal lykkast med grøn omstilling. Det er heilt sentralt å byggje vidare på dei sterke næringane i fylket, med grøn maritim næring, biomarin satsing og sirkulære hubbar. Gjøsund hamn bidreg i alle desse tre satsingsområda.
Dei største utfordringane for grøn utvikling i regionen er tilgang på kraft, kapital, kompetanse og areal. – Gjøsund hamn bidreg til å løyse alle desse utfordringane. Vi planlegg eit areal frå botnen av for å vere mest mogleg miljøeffektiv for fiskeri og verdiskaping i framtida. Tilgang på kraft er inkludert i prosjektet, og vi bidreg til å styrke næringslivet slik at området blir endå meir attraktivt for kapital og kompetanse, seier prosjektleiar Linn Indrestrand.
Samtidig er det behov for styrka samarbeid og infrastruktur i heile regionen. – Det er umogleg å klare grøn omstilling aleine. Derfor er samarbeid mellom næringar og aktørar heilt sentralt, påpeiker næringssjef Hilde Røsvik. Ho peikar på at rapporten kjem til å danne eit grunnlag for vidare utvikling av Gjøsund hamn.
Det er umogleg å klare grøn omstilling aleine. Derfor er samarbeid mellom næringar og aktørar heilt sentralt.