Aktuelt
Artiklar

– Vi må bygge framtida for nye generasjonar

08
.
October
2024
Sindre og Andrea Dyb i Veidar meiner Gjøsund hamn er avgjerande for at barn og barnebarn skal kunne velje fiskerinæringa i framtida.

70 prosent av jordoverflata er hav. Der finst mykje spennande. Både Sindre og Andrea Dyb har vakse opp i fjørekanten. – Det finst også store verdiar for oss fiskarar, kjekt arbeidsmiljø og mange moglegheiter for framtida. Det må alle få sjå på Gjøsund, fortel Sindre.

Sindre Dyb er reiar for M/S Veidar. Andrea Dyb er assisterande dagleg leiar. Far og dotter styrer fiskebåten og alt som har med den å gjere. Dei ivrar for å realisere Gjøsund hamn.

Moderne båtar treng ei ny hamn

M/S Veidar er berre 6 år gamal. Garn- og linebåten er 55,5 meter lang, kan gå 14 knop og har plass til 25 tilsette på 16 lugarar. Dei har 36 tilsette, og bidreg også med oppdrag for leverandørar, servicearbeidarar og fiskekjøparar i regionen.

– Vi treng ei hamn som ligg betre i le, har plass til store, djuptgåande moderne båtar, seier Andrea Dyb og smiler til faren Sindre.

– Men mest av alt treng vi å leggje igjen verdiar i Giske, skape nye arbeidsplassar og få barn og ungdom til å sjå dei fantastiske moglegheitene som ligg i havet, utfyller Sindre Dyb.

Rett inn. Rett ut. Mykje på kort tid.

Veidar går 11 turar i året. Dei ligg berre i eitt døgn for kvart skift, utanom nokre dagar i romjula. Derfor må alt skje kjapt og effektivt på eitt døgn.

– Det er viktig for oss at Gjøsund hamn blir ein stad der alt kan gjerast på ein gong. Planane om god kaiplass og eit moderne fryseanlegg er heilt avgjerande, fortel Andrea.

Ho drøymer også om at alt av underleverandørar og servicetilbod kan vere tilgjengeleg på Gjøsund hamn eller like i nærleiken. Sidan hamna er tett på byen – og endå tettare på flyplassen – er det også lett tilgjengeleg for servicefolk. – Det er positivt at hamna allereie no arbeider med effektive ruter til kontinentet. Alt som gir økonomi- og miljøgevinst er positivt for framtida, seier Andrea. Sindre og ho er heilt samstemte om at det er positivt at Giske kommune no satsar på den viktigaste næringa i kommunen.

Samarbeid og synlegheit er nøkkelen

Sindre Dyb lyser opp i auga når han får snakke om kva moglegheiter havet har. – Og endeleg samarbeider vi meir. Andrea og dei andre i hennar generasjon er flinkare til å snakke saman. Kanskje kan dei få eit møtepunkt på Gjøsund hamn? – Ja. Det hadde vore veldig bra. Vi er ni reiarar i Giske. Det å få fasilitetar der vi kan snakke saman, utveksle erfaringar og sjølvsagt også konkurrere litt oss imellom ville skjerpa og styrka heile næringa, seier Andrea.

Ho fortel at då ho var liten og far og resten av laget kom heim frå sjøen så heiv ho seg på sykkelen. – Vi sykla ned til hamna, og såg alt. No er fiskerinæringa meir usynleg her i Giske. Det må vi gjere noko med. Når vi får samla næringa på éin plass, og får ei moderne hamn, kanskje eit visningssenter og ein plass der folk ser alt fisket fører med seg, kjem det til å styrke rekrutteringa og fiskeriidentiteten i området, seier Andrea.

Sjølv er ho flaska opp på fiskeri- og fiskerinæring. – Det er ikkje berre enkelt å forstå næringa, men eg kjenner ho godt frå oppveksten. Og eg ser no at det er store moglegheiter som Gjøsund hamn må gripe. For eksempel er det spennande å sjå på moglegheitene til å finne meir verdiskaping i meir av fisken, og at Gjøsund også kan bli ein hub for restråstoff.

– Gjøsund hamn er avgjerande for meir verdiskaping i Giske, og ikkje minst for ei meir effektiv og framtidsretta fiskerinæring, avsluttar Andrea.